Songboki
Heim eiliv.no
MIDI Mp3 Notar
18.05.24

Blås på mi rute av Karsten Oksavik

PDF med notar | MIDI

Blås på mi rute når isroser blømer.
Lån meg litt varme når dagen er grå.
Blås på mi rute når kulden er ute.
Lat opp eit auge så eg kan sjå.

Rimet på ruta tek utsynet frå meg.
Inn gjennom isen kjem berre eit skin.
Send meg eit smil,
ein varmande tanke,
så lysnar det litt
i kvardagen min.

Du treng vel ikkje å skine som sola.
Du treng vel ikkje å smelte bort alt.
Berre ein liten pust på mi rute
hjelper meg mykje når det er kaldt.

Lykelord: Blås på mi rute tekst, Blås på mi rute notar